12.januar 2009
Garambo:
"Peak Money" og kollaps...
Les meir her

5.september 2007
John Busby:
Atomenergi: Mye fra lite?
Les meir her

8.juni 2007
Ny framsidetekst

22.januar 2007
Chris Skrebowski:
Ope brev til Peter Jackson i CERA.
Les meir her

 

     


Olje -vår viktigaste energiressurs

Av energikrise.no Publisert 8.juni 2006

Olje har ei rad eigenskapar som har gitt henne ei unik rolle i dei siste 150 åra med industriell utvikling. Olje er ikkje berre ei energikjelde med stor energitettleik , men også saman med gass eit av dei viktigaste råstoffa til den kjemiske industrien.

Olje blir pumpa ut frå dei oljehaldige sedimenta, ingen gruvearbeidar må risikere livet langt under bakken. Transporten kan skje gjennom røyrledningar, med tankbåt, eller med bil og tog, og omlasting skjer enkelt og raskt.

Oljeprodukt er ikkje berre ei kjelde til energi, dei er også energiberarar i eit og same produkt. Ein enkel bensin- eller dieseltank er alt vi treng for at ein bil skal kunne frakte oss 500-1000 km utan stopp, medan varmeapparat eller kanskje airconditionanlegg går for fullt, og musikkanlegget kortar tida. Det vil snart kome til å gå opp for oss kor utruleg dette er.

Andre energiformer krev kostbare og kompliserte teknologiar for lagring, og er likevel langt unna å kunne erstatte oljeprodukta. Sjå for deg den vesle elektriske bilen med to seter, der ein batteripakke forsyner seg med 400 kg av nyttelasta. Prøv så å få plass til familien med pikkpakk ein fredag i februar, det er mørkt og -15 C. Fyr opp varmeapparatet, slå lys og musikk på for fullt. Det er 200 km til hytta, god tur!

Det er langt fram før forbetra batteriteknologi eller hydrogen som energiberar vil erstatte olje til vegtransport, om dei nokon gong vil gjere det.

Sivil luftfart er høgdepunktet av teknologiane oljealderen har gitt oss. Oljeprodukta sine eigenskapar som energiberarar og energikjelde i eit og same produkt gjer at luftfart i nokon skala utan olje utenkeleg.

Berre billeg olje gjer det mogeleg for folk flest i dei industrielle landa å dra på transkontinentale flyreiser som ei heilt kvardagsleg sak. Denne reduksjonen av avstand er ei heilt unik hending i historia.

Luftfarten er i dag ein uunnværleg del av den globale infrastrukturen, både til transport av varer og til forretningsreiser.

Luftfarten er også ein viktig del av reiselivsbransjen. Med alle sine ringverknader er det rekna at luftfart står for så mykje som 6-7% av den globale verdiskapinga.

Oljeprodukt står for 95% av energiforbruket i transportsektoren, så mest heile varetransporten i verdsøkonomien er oljebasert, og olje er difor ein forutsetnad for globaliseringa av økonomien.

Matvareproduksjonen i verda baserar seg også på tilgang på oljeprodukt. Kunstgjødsel blir produsert av naturgass, den såkalla "grøne revolusjonen" kunne ikkje skjedd uten. Og mekaniseringa av landbruket er fullstendig oljebasert.

Transport og matforsyning er altså dei sektorane som først ville få problem om det skulle bli mangel på olje.

Ein kan hevde at dei funksjonane vi driv med olje definerer oss som sivilisasjon. Utan olje ville flya stå stille og motorvegane vere tomme. Hyttebyane og skibakkane, feriehusa i syden og badestrendene ville ligge aude. Straumen av billeg elektronikk frå produsentane i Asia ville stoppe opp. Og verre enn dette: Neste års avlingar ville stå i umiddelbar fare.

Så sjølv om vi framleis hadde tilgang på energi frå kol, gass og atomkraft ville samfunnet etter kort tid sjå grunnleggande annanleis ut.

Det er difor god grunn til å utforske det utenkelege: Kan vi kome til å mangle olje?

Opphavet til olje og gass.

Olje er ein arv frå jorda si geologiske fortid. Spesielle perioder med global oppvarming førte til stor oppblomstring av alger i havet. Desse fall til botns, og blei innekapsla i sedimenta. Der desse sedimenta på grunn av platerørslene i jordskorpa vart utsette for den rette kombinasjonen av temperatur og trykk, vart dei organiske restane omdanna til olje, der temperaturen har vore høgre har dei blitt opphav til gass.

Hovuddelen av oljen og gassen vi i dag finn er danna for mellom 100 og 300 millionar år sidan, særleg i to geologiske perioder med global oppvarming for 90 og 150 år sidan.

Olje frå jorda si geologiske fortid, -kor mykje finst?

Det følgjer av dette at det finst ei viss mengde av desse hydrokarbonane. Vi disponerar ein arv frå jorda si geologiske fortid, denne arven har ein gitt storleik, og kan berre brukast ein gong.

Med tanke på det geologiske opphavet til olje er det korrekte utrykket for å hente olje opp av sedimenta strengt tatt utvinning og ikkje produksjon.

Geologane veit i dag god kva slag bergartar som kan innehalde olje . Og etter kvart er også geologien til så og seie heile jordkloda godt kjend, mellom anna gjennom kartlegging frå satellitt. Dermed har ein god oversikt over kvar dei potensielle oljeforekomstane vil vere å finne, vi kan ikkje vente oss overraskingar av noko omfang.

For å slå fast om det faktisk finst olje i eit område må ein imidlertid inn med seismikk og prøveboringar.

Det er likevel råd å anslå sannsynlegheita for oljefunn og storleiken på desse ved hjelp av statistiske metoder. Og på dette grunnlaget tek det til å danne seg ei semje mellom geologane om den totale mengda olje som har vore tilstades i jordskorpa, og som kan utvinnast. ( Recoverable )

Desse overslaga varierer frå 2000 milliardar fat til 3000 milliardar fat med konvensjonell olje.
(1 milliard fat blir gjerne forkorta 1 Gb , Giga barrel)
Dette vil seie hydrokarbonar i væskeform . Ulike typar tungolje, oljesand og oljeskifer er ikkje med, og heller ikkje naturgass.

Det høgste talet kjem frå det amerikanske geologiske instituttet (USGS), og har blitt hardt kritisert frå ulikt hald for å vere ønsketenking, og for å ha nytta statistiske metodar som ikkje held mål.

Som eksempel på metodebruk siterer Colin Campbell (ASPO Item 122) USGS si vurdering av Grønland som potensiell oljeprovins:

 


Primærenergi for verda 2004 etter kjelde(IEA) Klikk på figurane for større versjon.


Opphavet til olje og gass, illustrasjon etter Colin Campbell: "3-minutts kurs i oljegeologi"



 


"Kvifor er bensinen så dyr?"



Det er 95% sjanse for at de finst olje på Grønland, dvs. meir enn eit fat. Det er 5% sjanse for at det finst 112 Gb der.

Utifrå dette kalkulerar dei ein middelverdi på 47,2 Gb, som blir lagt til den globale reserven. På denne måten "finn" dei 1 billion fat olje.

Campbell kallar dette rett ut for "pseudo-vitenskap".

Dei lågaste tala kjem frå ei rad uavhengige oljegeologar, med livslang fartstid frå oljebransjen. (Sjå kjelder) Og det er i ferd med å etablere seg ei semje om at jorda sine samla utvinnbare ressursar, eller Ultimately Recoverable Resources, URR , av såkalla konvensjonell olje er ein stad mellom 1900 og 2300 milliardar fat.

 

Kor mykje olje har vi brukt, og kor mykje er det att?

Vi veit kor mykje som har blitt brukt sidan starten på oljealderen: Hausten 2005 hadde 1000 milliardar fat blitt pumpa ut av sedimenta. Men kor mykje er der att?

Vi tek utganspunkt i at det var 2100 milliardar fat olje i jordskorpa før vi starta utvinninga. Frå utvinning i nokon skala tok til rundt 1860-talet har det til saman blitt utvunne (vinteren 2006) 1010 milliardar fat av ei oprinneleg mengd på omlag 2100 milliardar fat. Vi har altså omlag 1100 milliardar fat att å utvinne.

Det er verd å merke seg at kvaliteten på oljen som er att er dårlegare enn den som har blitt utvunnen til no, det som er att er kvalitetar som er tyngre og med større innhald av forureiningar som svovel og tungmetall. Dette stiller større krav til rafineringsteknikken, og langt frå alle oljerafineria er bygde for å klare dette.

Kor lenge vil resten av oljen vare?

Det årlege forbruket av olje er i dag rundt 30 milliardar fat, 84 millionar fat om dagen. (Ein million fat = 1 Mb) Eit enkelt reknestykke viser då at vi med dette forbruket har olje i om lag 40 år. Forholdet mellom reservar og produksjon blir gjerne referert til som R/P . (Reserves/Production)

Dette er under føresetnad av at ein i dei komande åra vil kunne halde fram med den noverande utvinningstakten, og at forbruket vil halde seg på dagens nivå.

 
Illustrasjon av kvifor R/P-forholdet er eit dårleg mål på "kor lenge oljen varer"

Økonomien krev imidlertid vekst for å fungere bra, og det internasjonale energibyrået IEA sine prognoser viser at det daglege forbruket i 2030 vil vere kring 120 MBd, gjennomsnittleg vil det i daglege forbuket altså vere 100 MBd i perioden, eller 36 milliardar fat pr. år.

Når vi tek veksten fram til 2030 med i reknestykket vil dei samla reservane av utvinnbar olje vare i 27-28 år.

Dette reknestykket er imidlertid basert på at oljen vil strøyme lineært frå reservoara, slik grafen ovanfor viser.

Vi skal sjå at dette ikkje er tilfelle, tvert om vil vi snart nå ein topp i den globale utvinninga av olje.

Hubberts Peak of Oil Production.

Den amerikanske oljegeologen Marion King Hubbert ( 1903-1989) tok etter den andre verdskrigen til å nytte avanserte statistiske metoder i sine studiar av oljeutvinniga. Og han kom fram til nokre interessante konklusjonar.

Hubbert påviste at ein oljebrønn når sin maksimale produksjon når omlag halvparten av oljen er utvunnen. Dette punktet i produksjonen har fått namnet " Peak Oil " eller " Hubberts Peak of Oil Production ". Av tekniske og økonomiske årsaker vil dette punktet ofte ikkje vere synleg for ein einskild brønn, det lønner seg ikkje å dimensjonere den tekniske installasjonen slik at ein når ein absolutt topp, men strekker heller produksjonen over fleire år. Kurven for ein einskild brønn vil derfor ofte vere flat på toppen.

 

 


"Hubberts Peak of Oil Production"

Men dersom ein adderar eit tilstrekkeleg tal brønnar, vil dette likevel danne ei klokkeforma "Gausskurve".

Med utganskpunkt I det statistiske materialet sitt heldt Hubbert I 1956 ein berømt tale på ein konferanse for oljeindustrien. Der hevda han at USA ( Alaska og Mexicogolfen ikkje medrekna ) ville nå ein topp i oljeproduksjonen sin i 1970, og at utvinniga av olje etter dette ville ta til å minke, uansett kor mange brønnar som blei bora og kor store ressursar som blei sette inn i leiting etter olje.

Hubbert vart gjort til lått for denne spådomen, og i 1970 var det fleire som ville gni salt i såret då dei triumferande kunne vise til at USA aldri hadde produsert så mykje olje som dette året.

Men året etter, i 1971, nådde USA sin "Hubberts Peak". Sjølve toppen er ikkje eit skarpt punkt, men eit ujamnt platå som varer nokre år. Først når ein kikar seg tilbake vil ein sjå at ein har passert toppen.

Olje renn altså ikkje lineært ut frå eit reservoar slik som når det renn gjennom ein slange frå ein tank. Dei fysiske eigenskapane til eit oljereservoar gjer at oljestraumen minkar når halvparten av oljen er utvunnen. Når ein kjem inn i perioden med ein jamn minke, vil denne ligge på mellom 3% og 15%.

Den insikten Hubbert har gitt oss er at når vi passere toppen, vil vi for kvart år som går måtte klare oss med mindre olje .

Men på den andre sida går vi heller aldri heilt tomme.

Utvinningsgrad

Kor stor del av oljen i eit felt varierar med dei geologiske tilhøva i sedimenta og viskositeten til oljen, og ligg oftast ein stad imellom 20 og 35%. Nordsjøoljen er lett, og sedimentgeologien gunstig. Ein vil difor kunne vinne ut over 40%.

Dei siste 20 åra har det blitt utvikla teknikkar for å auke utvinningsprosenten. Ikkje minst har dette blitt nytta i Nordsjøen, både på norsk og engelsk side. Det kan vere å sette feltet under kunstig trykk ved å injisere gass eller vatn i reservoaret, eller ved å bore horisontale brønnar gjennom det oljeførande skiktet.

Det har vist seg at desse teknikkane i langt mindre grad enn ein har trudd har auka den totale utvinninga frå felta. Det ein oppnår er å få ut oljen på kortare tid. I oljefelt til havs er utvinninga dyr, tekniske installasjonar krev stor innsats til vedlikehald og ei rask utvinning kan difor løne seg, - dersom prisen er den same over perioden.

Det er eit paradoks at vi i 2001 passerte toppunktet for produksjonen i Nordsjøen, og denne oljen har blitt seld til prisar rundt 1/3 av det som gjeld no.

Som ein følgje av den raske utvinninga ser ein i dag eit fall i produksjonen som på enkelte felt er meir enn 10-15% om året, og fallet i heile den norske delen av Nordsjøen var i 2005 på 9%.

Det kan sjå ut som at ein ved å nytte moderne teknikkar for å akselerere utvinninga frå eit felt kan oppleve at toppen av produksjonen opptrer når om lag 55% av URR er passert, altså noko seinare enn den klassiske Hubbert's Peak. På den andre sida opplever ein då ei brattare nedside , altså eit raskare fall i utvinninga. Om den samla utvinninga vil auke i noko vesentleg grad har vi ikkje svar på enno.

Funn kontra utvinning av olje.

For å kunne utvinne olje må oljen først finnast. Dersom vi ser på oljefunn dei siste 40 åra finn vi kurven til høgre

Vi ser at frå midt på 1980-talet har forbruket av olje vore større enn funn av nye forekomstar. Og i dag er vi i ein situasjon der vi brukar meir enn 4 gongar så mykje olje som vi finn. Det seier seg sjølv at eit slikt tilhøve berre kan vare ei viss tid. Enten må vi finne meir , eller så vil vi bli tvinga til å bruke mindre , enten vi vil eller ei.

Global "Peak Oil" - like om hjørnet?

I dei siste åra har ein del pensjonerte oljegeologar teke til å sjå på kva denne innsikta vil ha å seie for den samla oljeproduksjonen i verda. Etter kvart har desse veteranane også fått følge av andre. (Sjå kjelder )

Og i skarp kontrast til det som har vore den rådande haldninga omkring vår framtidige energisituasjon; at teknologi, investeringar og marknad vil løyse alle problem, kjem desse veteranane frå oljeindustrien fram til følgande:

AKKURAT I DESSE DAGAR, EIN GONG I MELLOM 2004 OG 2010 VIL OLJEUTVINNINGA I VERDA NÅ EIN TOPP, FOR SÅ Å FALLE I ALL FRAMTID.

Grafen til høgre viser situasjonen: Vi er no inne i platåfasen til den globale oljeproduksjonen. Fallet i produksjon i enkelte felt blir i større eller mindre grad kompensert av nye felt som kjem i produksjon.

Men om få år er denne perioden over, og vi kjem inn i ein periode med permanent fall. Det internasjonale energibyrået har ein prognose for det globale oljeforbruket i 2030 på 120 millionar fat om dagen. Oljeanalytikerar som brukar Hubberts statistiske metoder kjem fram til at utvinninga på dette tidspunktet vil vere mellom 40 og 50 Mb/d. Mankoen vil vere 70-80 Mb/d, nesten like mykje som det totale forbruket på 85 millonar fat om dagen som vi ligg på no.

 

 

 

 


Produksjon, historiske og framtidige oljefunn (ASPO)


Frå full tank til ingenting: Når menneska ser seg tilbake frå ein stad lang inne i framtida vil den tida vi no lever i sjå ut som eit kort lysblink, som eit stjerneskot av fossilt sollys som varte i litt over 100 år.

OPEC og uvisse omkring reservane .

Omkring 1985 skjedde det ei merkeleg endring i OPEC sine reservar, dei auka med rundt 50% så og seie over natta, utan at nye funn hadde blitt gjort. Det viste seg at bakgrunnen var at OPEC sine reglar for marknadstilgang var blitt knytte til storleiken på reservane, det vart difor viktig å kunne rapportere så store reservar som råd for på den måten å få størst mogleg del av OPEC si "kake". Kor stor del av desse reservane som faktisk eksisterer er difor vanskeleg å vurdere. Landa i Midtausten er ikkje kjende for å vere dei mest transparente, og data om oljereservane blir vakta som statsløyndomar.

Men i januar 2006 sprang det ei lita bombe: Kuwait innrømmer no at den oppjusteringa dei gjorde på -80 talet frå 60 Gb til 96 Gb ikkje stemmer, og at dei faktiske reservane deira er nærare det gamle anslaget på 60 Gb. Vi veit at dei til no har produsert 35 Gb. Dermed er Kuwait forbi "Peak Oil", og vi kan forvente at utvinninga vil minke om ikkje lenge. Berre denne eine innrøminga har fjerna 30 Gb frå dei globale reservane, om lag like mykje som den norske delen av Nordsjøen, og like mykje som eit års globalt forbruk.

 
OPEC sine endringar i reserve-overslaga(Kjelde Colin Campbell)

Kva så med dei andre OPEC-landa? Dette veit vi lite om, og minst veit vi om det viktigaste av dei oljeproduserande landa: Saudi Arabia.

Gigantfelta

Det er lettare å finne ein elefant enn ei mus, - og ikkje minst: elefanten gjer adskilleg meir av seg. Det er ikkje utan grunn dei største oljefelta også er dei eldste, Burgan i Kuwait er frå 1938 (30 Gb), Gawahr i Saudi Arabia frå 1948 (130 Gb), og Cantarell i Mexico, som for øvrig er den nest største i utvinningskapasitet etter Gawahr, er frå 1976 (35 Gb).

Vi veit sikkert at to av desse har passer toppen, Burgan og Cantarell. Cantarell har vore oppe i ein produksjon på 2,1 Mb/d, men passerte i 2004 toppen og fall med 5% i 2005 til under 2 Mb/d. Den høge produksjonen blei oppnådd med massiv injisering av nitrogen.

Som vi har sett er slike teknikkar først og fremst ein metode for å oppnå raskare produksjon, med eit tilsvarande bratt fall i etterkant. For Cantarell er utsiktene at produksjonen i 2007 vil falle til rundt 0,9 Mb/d, så ned mot 0,5 Mb/d i slutten på 2008. Dersom dette viser seg å stemme er det eit alvorleg bidrag til å tippe den globale utvinninga av olje forbi toppen og over i permanent fall.

Gawahr er truleg i ein platåfase, kunstig helden oppe ved å pumpe inn store mengder sjøvatn, slik at det no er 40-50% vatn i oljen som blir vunnen ut. Ein slik forsering av utvinninga inneber ein fåre for brå kollaps. Frå dette feltet åleine blir det utvunne 4,4 Mb/d av Saudi Arabia sine totalt 9,5 Mb/d.

Av dei seinare store funna har vi Nordsjøen som samla hadde omlag 70 Gb, og dette er den siste oljeprovinsen som har blitt oppdaga av denne storleiken.

Dei blei stilt store voner til områda rundt det Kaspsiske Hav, og det blei fantasert om at denne provinsen kunne innehalde 200 Gb, nesten like mykje som Saudi Arabia. Området har blitt eit stort vonbrot, forekomstane er truleg omkring 10 Gb.

Russland har etter fallet til Sovjet- Unionen på nytt blitt ein stor produsent, men det er verdt å merke seg at dei produserar mindre enn toppen, som var i 1987. Det blir stilt store voner til arktiske funn. Men geologien i Barentshavet tilseier at dette vil bli ein gassregion. ASPO vurderer dei samla forekomstane i Russland til å vere mellom 100 og 120 Gb. Russland vil nå ein ny topp i sin produksjon om få år, og at fallet etter dette vil bli bratt.

Det som karakteriserar situasjonen no er at alle dei store funna er gjorde, og at vi leitar etter mus og ikkje elefantar.

Teknologien har rett nok gjort oss i stand til å finne dei minste forekomstane, men sjølv om vi finn nåla i høystakken er det framleis berre ei nål, for å sitere Colin Campbell igjen. Det skal mange til for å erstatte bortfallet av ein elefant.

"Ukonvensjonell" olje

Bak dette begrepet gøymer det seg så mangt. I den seinare tid har knytt seg størst voner til er forekomstane av oljesand (rettare kalla "bituminøs sand") i Alberta i Canada. Det blir vurdert å vere i storleiksorden 175 Gb utvinnbar olje i desse.

At det knyter seg enorme miljømessige problem til denne utvinninga skal vi la ligge her.

 

 
"Oljesanden" let seg ikkje utvinne i stort tempo

Problemet med dei ukonvensjonelle oljeforekomstane er at utvinninnga skjer som gigantisk gruvedrift, med heilt andre problem knytt til skalering enn for konvensjonell olje. Det er difor tidkrevande og vanskeleg å få opp volumet, noko grafen nedanfor frå ASPO viser.

Vi ser her den planlagte oljeutvinninga frå all tjøresand i Alberta fram til 2030, holdt saman med utvinninga av konvensjonell olje i Canada og Nordsjøen. Olje frå kanadisk tjøresand vil ikkje ein gong dekke fallet i desse to provinsane i perioden.

 

Peak Oil, ei oppsummering.

Vi nærmar oss den globale "Peak Oil", der utvinninga av olje flatar ut og startar å falle.

Kor stort fallet vil bli er uråd å seie. Oljefelt som ikkje har vore utsette for "moderne" produksjonsteknikkar fell gjerne med 3 % i året.

Men felt som har vore sett under kunstig trykk og andre "knep" for å aksellerere utvinninga fell gjerne med meir enn 10% i året, slik vi no ser det er i ferd med å skje i Nordsjøen og i Mexico. Og paradokset er at den totale utvinninga frå felta ikkje blir vesentleg større.

Mange, kanskje dei fleste oljefelt har i dag vore utsette for ulike grader av forsert utvinning. Det vil ikkje overraske om fallet i den globale oljeutvinninga ein gong etter 2010 vil vere med 7-8% årleg. Til saman altså ein manko på 60-70 millonar fat om dagen i 2030.

For å kompensere for dette måtte vi ha funne eit nytt Saudi Arabia kvart 4 år.

Utsiktene til dette er, forsiktig sagt, små.

Konsekvensane av Peak Oil.

Den første konsekvensen av Peak Oil vil bli stigande prisar på oljeprodukt.

Det skisserte gapet mellom tilbod og etterspurnad vil sjølvsagt ikkje kunne oppstå. Etterspurnad og tilgang på ei vare vil alltid måtte vere i balanse. Dersom etterspurnaden overstig tilgangen vil prisen auke til etterspurnaden på nytt er den same som tilgangen på vara. Prismekanismen lukkar dermed gapet mellom tilgangen på olje og ønsket om å kunne bruke olje.

Olje er ei vare som har ei kjernerolle i all økonomisk aktivitet, det er eit produkt vi nødig vil vere uten. Dermed får olje liten priselastisitet, det skal ein stor auke i prisen til for å dempe etterspurnaden. Vi er enno berre i platåfasen til oljeutvinninga, det er berre etterspurnaden som aukar . Når fallet i utvinninga startar for alvor om nokre få år kan vi vente oss ei dramatisk utvikling i prisane på oljeprodukt.

Ei senking av avgiftene vil hindre tiltak for sparing no og naudsynt energieffektivisering i framtida. Paradoksalt nok er det tilhengarane av uinnskrenka marknadsøkonomi som på denne måten vil forhindre marknadsmekanismene i å fungere.

Berre dersom vi blir i stand til å minke etterspurnaden etter olje i like stor grad som det komande fallet i tilgangen på olje, vil vi klare å halde prisen på dagens nivå.

Det inneber at den einaste tiltaket for å stabilisere oljeprisen på dagens nivå er å redusere oljeforbruket med 3-5% årleg, for å halde følge med fallet i utvinninga på nedsida av Hubbert's Peak. Dette må i så fall skje ved omlegging av konsumentvanane våre bort frå bil- og flytransport og over på kollektive løysingar, og ved ei storstilt energieffektivisering.

Det er imidlertid manglar ved den marknadsøkonomiske mekanismen: Prisen i dag reflekterar kun forventingane om marknadsbalansen på kort sikt, og seier ingenting om konsekvensane for dei som i framtida må leve med langt mindre tilgang på olje. Marknaden vil derfor alltid "dilte etter", og ikkje åleine sette oss i stand til å foreta den naudsynte omlegginga.

Marknadsmekanismene fungerar derfor berre dersom ei vare vil vere tilgjengeleg i all framtid, eller kan erstattast av ei anna vare.

På norsk brukar vi gjerne det litt forsiktige "etterspørseldemping" om det som skjer når prisen senkar etterspurnaden etter ei vare. På engelsk blir det litt meir dramatiske "demand destruction" brukt. Når det gjeld kva som vil skje når vi møter minkande tilgang på olje er "destruction" eit meir dekkande ord enn demping. For etterspurnad vil bli øydelagt, og som vanleg er det dei fattige som har sikra seg ein plass fremst i køa når ulemper skal fordelast.

Etter først å ha blitt sugd inn i den globaliserte økonomien med fagre løfter om velstand og vekst like opp til vestleg nivå, vil dei raskt stigande oljeprisane snart sette dei fattigaste ettertrykkeleg på plass. Og den plassen vil i beste fall bli nederst ved bordet.

Prismekansimene vil sørge for at nokon skal bruke mindre olje, og prisen vil stige til så skjer.

Dei fattige bøndene i den tredje verda må gi opp å kjøpe drivstoff til vatningspumpene og dei enkle landbruksredskapane sine lenge før vi droppar turen til hytta eller flyturen til syden.

Etter kvart vil imidlertid prisen bli eit problem også for oss. Først vil dette ramme dei områda i økonomien vi kan tole å redusere på. Fritidsreiser er det første som ryk når det tek til å røyne på. Luftfarten er allereie i vanskar, dei fleste selskapa taper pengar. Når oljeprisen om ikkje så mange år passerar 100$ fatet vil heile industrien på eit eller anna tidspunkt falle saman under vekta av sin eigen overkapasitet og enorme gjeldsbyrde.

Heile infrastrukturen omkring luftfarten vil deretter ta til å møte veggen, med enorme konsekvensar for heile den kabalen av høgteknologiske bedrifter som bygger fly og er underleverandørar til flyprodusentane.

Etter kvart vil det å kjøpe ny bil bli nokså utenkeleg for folk flest, og bruken av bilane vil også innskrenke seg. Bilismen står for om lag 10% av økonomien i dei industrielle landa, så ei krise her forplantar seg raskt til andre områder i økonomien.

På eit eller anna stadium vil heile korthuset som er den vestlege forbrukarøkonomien ta til å falle saman.


Aldri har det spekteret av produkt næringslivet produserar i så stor grad vore utgjort av unødige ting, ting som vi i ein krisesituasjon nokså umiddelbart vil slutte å kjøpe. Samstundes har den vestlege forbrukaren samla sett heller aldri vore så forgjelda.

Denne kombinasjonen av strengt tatt unødig forbruk og gjeldsbyrde vil kome til å bli ein uhyre giftig mikstur når vi går inn i ei massiv økonomisk nedgangstid.

Etter kvart vil det også bli klart at energikrisa er ein permanent tilstand. Det vil bli svært få område der pengar kan investerast med håp om avkastning. Dermed vil dei billionane som i dag skvulpar rundt i det globale finansielle systemet heller ikkje finne nokon stad å gjere av seg.

Dermed vil ein økonomisk depresjon utan sidestykke vere eit faktum. Og dette blir ein økonomisk depresjon vi ikkje vil kome ut av med konvensjonelle politiske eller økonomiske grep.

Innvendingane mot Peak Oil scenarioet.

Kvifor har så ikkje Peak Oil scenarioet vekt meir merksemd, dersom teorien stemmer burde verda stått på hovudet og alle krefter vore sette inn for å møte problema vi står overfor?

Det er fire invendingar som blir brukte mot at vi står overfor ei umiddelbar krise i forsyninga av olje:

  •   Den viktigaste innvendinga går på anslaga for kva slags kvanta som framleis kan vere uoppdaga, som eksempelet med det amerikanske geologiske instituttet viste. Dei anslår dei attverande reservane til å vere i storleiksorden 2000 Gb. Dei samla forekomstane før vi tok til med oljeutvinning var altså 3000 Gb, og midtpunktet, Hubberts Peak, vil opptre omkring 1500 Gb.

    Vi kan sjå litt på kva konsekvensar det ville få om desse høgare anslaga stemmer.

    Kjernepunktet i problemstillinga omkring uttømming av naturressursar er først og fremst knytte til eksponentiell vekst. Vi må ha økonomisk vekst, og denne veksten er eksponentiell. Som vi har sett er IEA si prognose for etterpurnad av olje 120 Mb/d i 2030, nesten 44 milliardar fat i året.
    Dersom vi held oss til Hubbert, vil eit scenario der 2000 Gb olje er att å utvinne innebere at vi passerar midtpunktet omkring 2020, og fallet vil sette inn. Vi vinn altså berre 12-15 år dersom det stemmer at vi har 2000 Gb att å utvinne.

    Dersom det hadde eksistert ein plan for å nytte desse 12-15 åra til ei storstilt satsing på overgang til fornybare kjelder ville det kanskje ikkje vere så ille.Men problemet er at dersom økonomien held fram med ein årleg vekst på 3-4%, vil den globale økonomien i 2025 vere nesten dobbelt så stor som i dag. Å drive denne økonomien på fornybare kjelder blir sjølvsagt endå vansklegare enn om vi kunne legge om no.

    Paradokset er kort og godt uløyseleg: Den økonomiske veksten krev ein auka tilgang på energi som overstig sjølv det ei gigantisk satsing på overgang til fornybare kjelder kan skaffe tilveie.

    Gapet let seg ikkje lukke.

    Sjølv om vi hadde satsa massivt på overgang til fornybare kjelder ville vi bevege oss baklengs: Spriket mellom det den veksande økonomien krev og det vi vil klare å skaffe oss frå fornybare kjelder vil berre auke. Til lenger denne utviklinga held fram, til større blir krisa når tilgangen på energi ein dag ubønnhørleg er mindre enn det økonomien krev.
  •   Det andre argumentet mot Peak Oil scenarioet er at teknologien skal sette oss i stand til å utvinne mykje meir frå oljereservoara, kanskje over 50% mot dagens 30-35%.

    Dersom vi skulle klare det, vil vi kunne hente ut 200-300 Gb ekstra, nok til å flytte Hubberts Peak 5-7 år ut i tid. Som vi nett har sett vil dette ikkje endre noko, tvert imot: Avanserte teknikkar i utvinninga av oljen fører til eit langt brattare fall i utvinninga (10-15% årleg) etter at toppen er passert. Eit slikt fall ville føre oss inn i ei umiddelbar krise, og alle ressursane ville gå med til å handtere sjølve krisa. Vi ville ikkje ha ressursar til å omorganisere oss. Den fantastiske teknologien vår vil bli ånda som slapp ut av flaska.

  • Ved ei storstilt effektivisering av energibruken skal vi dempe verknaden av uttømminga av oljeressursane. Men dersom vi nyttar energieffektiviseringa til å halde fram med å la økonomien vekse, vil vi etter kvart ha ein økonomi som likevel til slutt møter ein tilgang på energi som er på veg nedover. Når desse to kurvene skjer kvarandre vil krisa bli minst like stor, fordi det då er eit endå større maskineri som skal haldast oppe ( og fortsette å vekse... ) på eit minkande energigrunnlag. Det vil også melde seg eit anna problem, det er "lova om den minkande utbytteauken". Ein grov tommelfingerregel seier at vi oppnår 80% av effekten av eit tiltak med dei første 20% av storleiken på tiltaket, og 20% av effekten med dei siste 80% av innsatsen. Til slutt møter vi naturen (termodynamikken) sine eigne grenser, og oppnår ikkje meir.

     
  • Til sist vil vi nemne teorien om at olje har eit abiotisk opphav, at olje oppstår i prosessar i jordas indre og ikkje er omdanna restar etter biologisk liv. Dette argumentet dukkar innimellom opp i diskusjonar på nettet. Så sjølv om teorien blir avvist i alle seriøse geologiske miljø tek vi han med her.
    Vi skal ikkje gå inn på diskusjonen om olje kan ha eit abiotisk opphav. Det som betyr noko i debatten om uttøming av oljeressursane er dette: I den eine oljeprovinsen etter den andre ser vi at utvinninga følger det same forløpet: Funn, vekst, topp og fall i produksjonen. Det er ingen som nektar for slike fakta som at USA utvinn mykje mindre olje no enn i 1970, omlag 10 Mbd mot ca. 5 Mbd konvensjonell olje.

    Teorien om abiotisk olje er uinteressant fordi ei slik hypotetisk kjelde uansett viser seg ikkje å kunne fylle reservoara opp igjen på ein tidsskala som er til nytte for oss. Abiotisk olje er kun interessant for dei som måtte ha tid til å vente i fleire milionar år.

Vi starta diskusjonen omkring motargumenta mot Peak Oil med å spørje kvifor ikkje verda står på hovudet for å få gjort noko, dersom teorien omkring Peak Oil stemmer. Det er klart at olje er ein ikkje- fornybar ressurs, at denne har eit gitt omfang og dermed på eit tidspunkt vil ta slutt. Fleire og fleire aksepterar også Hubberts syn om at utvinninga på eit punkt vil nå ein topp, og at vi etter dette vil måtte klare oss med minkande tilgang på energi.
Likevel er temaet fråverande både i den politiske debatten og i media. Kvifor?

Svaret er enkelt: Vi er sjakk matt.

Vi tek det for gitt at veksten i velstand skal halde fram, og at framtidige generasjonar skal leve som oss, berre omgitt av endå større materiell overflod.

Denne store velstanden er basert på eit økonomsk system som har vekst som underliggande føresetnad for å fungere. Utan vekst får vi mellom anna uakseptabelt stor arbeidsløyse og andre sosiale problem, og ikkje minst dårlege utsikter til å kunne betale dei framtidige pensjonsforpliktelsane.

Vi kan analysere den globaliserte økonomien som system for å sjå korleis dette systemet responderar på dei utfordringane vi er i ferd med å møte.

Fire ting viser seg:

1) Ein målmedviten politikk i alle land for å sikre ein økonomisk vekst på minst 3%.

2) Ein beinhard kamp for å effektivisere og auke produksjonen og vinne marknadsandelar.

Begge delar fører altså til auke i den økonomiske aktiviteten i staden for minke.

3) Minimal satsing på energiøkonomisering overgang til fornybare energikjelder.

4) Gryande militær posisjonering i høve til dei minkande energiressursane.

Systemresponsen på utsiktene til minka tilgang på energi er altså totalt forfeila, og konsekvensen kan ikkje bli noko anna enn eit samanbrot.

Måten vi har organisert økonomien vår vil tvinge oss i kne. Samstundes er det tabu å stille spørsmålsteikn ved akkurat dette.

Vi hoverer ofte over andre kulturar sine forskjellege "heilage kyr" og ulike tabu. Men som alltid ser vi andre sine feil og manglar klårt og tydeleg og er blinde for våre eigne.

Manglande evne til kritisk blikk på sin eigen kultur er kanskje det mest typiske for oss menneske. At velstandsutviklinga vår ikkje skal halde fram er uråd å tenke seg, spriket mellom det vi ønsker skal vere verklegheita og det som viser seg å vere verklegheita blir for stort.

Vår eiga heilage ku heiter vekst. Det er tabu å trekke i tvil at vekst er eit gode.

For å kunne møte den komande enegikrisa på ein konstruktiv måte må tabuet brytast. Det inneber også at vi må våge ei omvurdering av eit økonomisk system som låser oss til vekst.

 

     
 


To get the BRENT oil price, please enable Javascript.

Lett råolje, Brent.


Vår (enn så lenge.. ) parkerte blog, som likevel kan vere av historisk interesse:

"Kveldssong for hydrokarbonar"

Rune Likvern med ny blog om energi, økonomi og alt i mellom:

"FRACTIONAL FLOW"

 

 



"Dei neste 20 åra vil bli heilt ulike dei 20 siste"
Dette er konklusjonen til Chris Martenson i ein serie på 20 foredrag om vekst og økonomi, energi og miljø.
Det er ikkje lenger spørsmål om kanskje eller når, vi står no midt oppe i det som vil bli eit knekkpunkt i menneska si historie.
Foredraga kan du sjå på nett eller DVD Les meir..


"Money as Debt" er noko så uvanleg som ein teiknefilm om monetær teori. Dette er grunnleggande kunnskap for dei som vil prøve å forstå finanskrisa.Les meir her


Om korleis Cuba klarte seg etter at Sovjetunionen kollapsa og energitilførsla vart drastisk redusert. Norske tekstar. Les meir her


"Den største veikskapen til menneska er deira manglande evne til å forstå eksponential- funksjonen". . Ikkje mindre enn ein pedagogisk kraftpresentasjon om møtet mellom eksponentiell vekst og dei fysiske realitetane. Les meir her.



DVD av den norske filmskaparen Amund Prestegård. Presentert av Colin Campbell.
Les meir her


Framifrå DVD om oljeuttøminga, verda og USA. Kjøp han her og du får med ein versjon med norske tekstar.
Les meir her

 

 


   

Ansvarleg redaktør: Olav Hauso | Design by:Skjelvik Design