12.januar 2009
Garambo:
"Peak Money" og kollaps...
Les meir her

5.september 2007
John Busby:
Atomenergi: Mye fra lite?
Les meir her

8.juni 2007
Ny framsidetekst

22.januar 2007
Chris Skrebowski:
Ope brev til Peter Jackson i CERA.
Les meir her

 

 

 

     


 

Money as Debt

Kanadisk teiknefilm.

Produsert av Paul Grignon,

Kanada 2006.

Format: DVD
Lengd: 47 minutt
Pris: 130,- kroner

Heimeside: www.moneyasdebt.net

Norske tekstar: energikrise.no

Undertekst er sett «default på».
Bruk «subtitle» på fjernkontrollen om du ønsker å slå han av.

 


Kort omtale av filmen

 

Denne filmen viser at det er meir ved pengane enn dei fleste av oss er klar over. Kjennskap til monetær politikk er ikkje noko vi lærer om i skuleverket, og det er heller ikkje tema i den politiske debatten. Vi ser difor på pengane som eit nøytralt medium vi nyttar til å halde rekneskap over økonomien vår. Sjølv om pengane kan synleggjere sosiale skilnader og makttilhøve, ser vi ikkje dette som ein eigenskap ved pengane i seg sjølv.

 



I denne underhaldande og pedagogiske filmen viser Paul Grignon korleis pengane vi nyttar har sin eigen dynamikk. Den absolutt viktigaste måten pengar kjem inn i sirkulasjon på, er ved at nokon, anten det er næringsliv, privatpersonar eller det offentlege, tek opp nye lån. Men dette er ikkje pengar vi låner av nokon som allereie har dei, det er nye pengar som vert produserte i eit banksystem basert på brøkdelsreservar. Det er lån frå vår eiga framtid, lån som skal betalast attende med renter. Det må difor heile tida finnast meir pengar i framtida enn det gjer i dag, dersom ikkje vil pengesystemet kollapse. Og fordi dei nye pengane også kjem til verda som lån, sit vi i fast i ein evig eskalerande spiral av kreditt.

All produksjon av varer og tenester blir i aukande grad gissel til det som berre skulle tene som symbol for denne produksjonen: Pengane.

Dette har ei rad konsekvensar, den viktigaste er kanskje at pengesystemet vårt gjer det umogleg å etablere ein økonomi i likevekt med planeten sine avgrensa ressursar.

Finanskrisa vi er oppe i gjer denne filmen enno meir aktuell, vi er i ferd med å oppleve eit storskala- eksperiment der vi er vitne til at berre nokre kvartal med litt minkande økonomisk aktivitet set heile det økonomiske systemet i fare.

Korleis skal vi då kunne møte ei framtid der minkande produksjon blir ein permanent realitet?

Denne filmen presenterer ei interessant problemstilling dei færraste har teke omsyn til i diskusjonen om ei berekraftig framtid: Vi har i dag eit monetært system som ikkje tillet oss å gjere dei grepa som er naudsynte utan at det ville føre til finansiell kollaps.

 

 

     
 


To get the BRENT oil price, please enable Javascript.

Lett råolje, Brent.


Vår (enn så lenge.. ) parkerte blog, som likevel kan vere av historisk interesse:

"Kveldssong for hydrokarbonar"

Rune Likvern med ny blog om energi, økonomi og alt i mellom:

"FRACTIONAL FLOW"

 

 



"Dei neste 20 åra vil bli heilt ulike dei 20 siste"
Dette er konklusjonen til Chris Martenson i ein serie på 20 foredrag om vekst og økonomi, energi og miljø.
Det er ikkje lenger spørsmål om kanskje eller når, vi står no midt oppe i det som vil bli eit knekkpunkt i menneska si historie.
Foredraga kan du sjå på nett eller DVD Les meir..


"Money as Debt" er noko så uvanleg som ein teiknefilm om monetær teori. Dette er grunnleggande kunnskap for dei som vil prøve å forstå finanskrisa.Les meir her


Om korleis Cuba klarte seg etter at Sovjetunionen kollapsa og energitilførsla vart drastisk redusert. Norske tekstar. Les meir her


"Den største veikskapen til menneska er deira manglande evne til å forstå eksponential- funksjonen". . Ikkje mindre enn ein pedagogisk kraftpresentasjon om møtet mellom eksponentiell vekst og dei fysiske realitetane. Les meir her.



DVD av den norske filmskaparen Amund Prestegård. Presentert av Colin Campbell.
Les meir her


Framifrå DVD om oljeuttøminga, verda og USA. Kjøp han her og du får med ein versjon med norske tekstar.
Les meir her

 

 


   

Ansvarleg redaktør: Olav Hauso | Design by:Skjelvik Design