Men
heldigvis finst der folk som har brukt eit heilt liv på å studere
desse tilhøva, og då er det greitt å høyre
på kva dei har kome fram til.
Gudfaren....
Marion King Hubbert (1903-1989) var ein
amerikansk geofysikar, og den som først såg at
at utvinning av ein avgrensa ressurs har eit logistisk forløp
med vekst, utflating og deretter fall. I 1949 publiserte han
første gong innsikten om at æraen med fossile
energikjelder i historisk samanheng ville bli svært
kort. Og i 1956 framførte han for første gong
spådomen om at amerikansk oljeutvinning ville nå ein
topp i 1970. Denne toppen blei kalla Hubberts Peak.
M. King Hubbert var ein vidsynt intellektuell med interesser langt utanfor petroleumsgeologien,
men synspunkta hans var alltid baserte på fysiske og matematiske realitetar.
Ikkje minst var
han oppteken av den komande konflikten mellom eit samfunnsystem
basert på pengar
og dei grensene fysikken sine lover set.
Desse to har sameksistert
relativt fredeleg ei tid, så lenge
eksponentiell vekst i materie-energi har vore mogleg.
Av ulike årsaker er eksponentiell vekst i eit materie-energi
-system berre mogleg gjennom nokre få titals doblingar, medan
det monetære
systemet ikkje har slike grenser. Den fredelege sameksistensen melom desse
to systema går difor no mot slutten. Utfallet av dette vil
bli monetær
ustabilitet i eit ukjent omfang.
For
geologane går
tida seint. Dei må gjerne telje åra i millionar,
og er såleis vane med å sjå "dei store
linjene". Kanskje er det fordi dei trur at dei auser av æva,
at dei blir pensjonistar før dei tek bladet frå munnen...?
Colin
Campbell (f.1931)
er sjølve nestoren i arbeidet for å auke forståinga
omkring uttøming av oljeressursane. Som oljegeolog
har han arbeidd i oljeselskap som Texaco, BP, Amoco og
Fina-Total. Han er grunnleggjar av ASPO (Association for
the Study of Peak Oil and Gas). I 1998 skreiv han saman
med Jean Laherrère ein artikkel i tidsskriftet Scientific
American som heitte "The
End of Cheap Oil". Ein
kan seie at dette vart startskotet for diskusjonen omkring "Peak
Oil". Han bur no i Irland, og poserer på biletet med
ein halvliter Guinness, -ikkje utan grunn. For som han seier: "Temaet
uttøming av oljeressursane er i grunnen nokså enkelt.
For som ein kvar øldrikkar veit, du startar med eit fullt
glas og endar med eit tomt.." Han er ein dyktig og inspirerande
foredragshaldar og er framleis som pensjonist ein av dei mest
profilerte figurane i ASPO.Gå til dessesidene , der
han svarar på nokre viktige spørsmål.
Jean
Laherrère (f.
1931)
Oljegeolog med 37 års fartstid frå Total, der han for det meste dreiv
med leiteverksemd på ymse kontinent. Pensjonert i 1991, og har sidan drive
som konsulent og foredragshaldar. Han har interessert seg mykje for naturgass,
og har publisert mange artiklar om dette emnet.
Kenneth
Deffeyes Oljegeolog,
Professor emeritus frå Princeton University. Forfattar
av bøkene "Beyond Oil: The View from Hubbert's Peak" og "Hubbert's
Peak: The Impending World Oil Shortage". Særleg den siste
er ei god innføring for lekfolk. Pensjonist, men aktiv deltakar
i debatten. Har ofte ei humoristisk tilnærming til problema som
kvikkar opp! Heimesidene hans finn du her.
Økonomane....
For økonomane
går tida fort. Ofte kan tidshorisonten vere neste tertialrapport.
Mange av dei har difor problem med å justere tenkinga si.
Det at ein ressurs tek slutt og ikkje kan erstattast med noko
anna og helst betre (substituerast) er for dei nytt
terreng. Mange av dei vil difor ikkje gå med på at "Peak
Oil" er noko problem. Men det finnest unnatak:
Matthew
Simmons
Er leiar for
Simmons & Co.,
ein av dei største investeringsbankane innan energisektoren
med hovudkontor i Houston, USA. Han har vore oppteken av
dei minkande oljeressursane i verda, og kva konsekvensane
av "Peak Oil" vil bli. På heimesidene til
banken finn du ei rekkje interessante presentasjonar. Spesielt
har han vore oppteken av at datagrunnlaget for olje-ressursane
i verda er så dårleg. I mai 2005 gav han ut
boka "Twilight in the Desert" der han tek opp Saudi-Arabia
sin ressurssituasjon. Kan hende har dei allereie passert
toppen? I så fall har også verda gjort det.... Sjå dei
siste presentasjonane hans her (PDF-format)
Chris
Skrebowski Har
arbeidd som marknadsanalytikar og journalist i oljeindustrien.
Er no redaktør i "Petroleum Review". På spørsmål
om kvifor han vart oppteken av "Peak Oil" svara han: "Colin
Campbell and a shaving mirror.."Sjå hans presentasjon
av utvinningsutsiktene for neste 4 åra her (PowerPoint)
Økologen.....
Det
er merkeleg at ikkje fleire som er opptekne av økologi går inn i problema
kring uttøming av hydrokarbonressursane. Våre heimlege "grøne" ser
ut til fokusere berre på drivhuseffekten. Så lenge
karbondioksidet kan handterast er gasskraftverk gode greier...
Richard
Heinberg er
professor ved New College, Santa Rosa, California.Han har
skrive fem bøker, dei to siste: "The Party
is Over: Oil, War and the Fate of Industrial Societies" og "Powerdown:
Options and Actions for a Post-Carbon World" er av
spesiell interesse. Kjem i næraste framtid ut med ei bok
om korleis nedskaleringa praktisk skal gjerast gjennom
ein "depletion protocol", dvs ein avtale mellom landa om
å senke oljeforbruket i takt med uttøminga.Dette er "steikje
gode bøke" som
absolutt er tilrådd lesing. Han gjev ut eit nyheitsbrev
kvar månad, som du finn her.
Organisasjonen....
Association for
the Study of Peak Oil&Gas er eit nettverk av vitskapsfolk
som arbeider med spørsmål kring uttøminga
av olje- og gassressursane. Dei skal også ha medlem(er)
frå Noreg, utan at vi har sett nokon profilere seg....
Kvar månad
vert det gjeve ut nyheitsbrev som tek for seg den siste utviklinga.
I tillegg er
der vurderingar av eit oljeproduserande land i kvar utgåve.
Har du høyrt nokon som påstår at Russland
har enorme ressursar dei kan pumpe opp dersom dei berre får
styr på økonomien? Eller at det ligg gigantfelt
og ventar utanfor Brasil og Vest-Afrika? Undersøk
fakta sjølv! Gå inn her.
"Dei neste 20 åra vil bli heilt
ulike dei 20 siste"
Dette er konklusjonen til Chris Martenson i ein serie på 20 foredrag om
vekst og økonomi, energi og miljø.
Det er ikkje lenger spørsmål om kanskje eller når, vi står
no midt oppe i det som vil bli eit knekkpunkt i menneska si historie.
Foredraga kan du sjå på nett eller DVD Les meir..
"Money as Debt" er noko så uvanleg som ein teiknefilm om monetær
teori. Dette er grunnleggande kunnskap for dei som vil prøve å forstå finanskrisa.Les
meir her
Om korleis Cuba klarte seg etter at Sovjetunionen kollapsa
og energitilførsla vart drastisk redusert. Norske
tekstar. Les
meir her
"Den største veikskapen til menneska er deira
manglande evne til å forstå eksponential- funksjonen".
. Ikkje mindre enn ein pedagogisk kraftpresentasjon om
møtet mellom eksponentiell vekst og dei fysiske realitetane. Les
meir her.
DVD av den norske filmskaparen Amund Prestegård.
Presentert av Colin Campbell. Les meir her
Framifrå DVD om oljeuttøminga, verda og USA.
Kjøp han her og du får med ein versjon med norske
tekstar. Les meir her