12.januar 2009
Garambo:
"Peak Money" og kollaps...
Les meir her

5.september 2007
John Busby:
Atomenergi: Mye fra lite?
Les meir her

8.juni 2007
Ny framsidetekst

22.januar 2007
Chris Skrebowski:
Ope brev til Peter Jackson i CERA.
Les meir her

 

 

 

     



 

Chris Martenson har samla ein foredragsrekkje han har utvikla gjennom dei siste 6-7 åra til eit «lynkurs» på 20 kapittel, der han oppsummerer menneska sine vilkår i starten på det 21. hundreåret. (Lynkurset er til saman 3 timar og 23 min. Kapittel 20 er ei oppsummering, og er ikkje med på DVD'en )
De som vitjar energikrise.no vil vere kjende med dei fleste av problemstillingane: Eksponentiell vekst, gjeldstynga økonomi, miljøproblem og ei komande energikrise. Her er dette samla til ein «pakke» som knyter trådane og konkluderer med at vi no er komne til eit knekkpunkt i menneska si historie: Dei neste 20 åra vil bli heilt ulike dei 20 føregåande.

Foredraga ligg ute på nettet, og kan sjåast kapittel for kapittel på Chris Martensons eiga heimeside her. ( http://www.chrismartenson.com/crashcourse )

Kapittel 3 om eksponentiell vekst er ein god plass plass å starte dersom du vil sjekke kva han har å by på. Kapittela som omhandlar pengar og gjeld inneheld også mykje tankevekkande stoff nett i desse dagar.

Serien er no også tilgjengeleg som DVD. Denne kan ein skaffe seg på to måtar:

1) Chris Martensson har sjølv lagt ut serien til gratis nedlasting.

Ved å nytte bittorrent -programvare kan ein laste ned fila.

Du finn PAL-versjonen ( europeisk tv-standard ) her: http://www.mininova.org/tor/2062081

Dersom dette er ukjent mark har vi ei forklaring på korleis dette kan gjerast lenger nede på denne sida.

2) Dersom bittorrent høyrest for komplisert ut, kan du få DVDen frå oss til kr. 70,- inkludert frakt.
Denne DVD'en er ikkje teksta på norsk, tempoet er for stort og stoffet for omfattande til at vanleg teksting høver.

Korleis laste ned Chris Martensons Crash Course via Bittorrent  

Bittorrent baserer seg på at filene som skal lastast ned ligg på eit større eller mindre tal datamaskiner rundt om, og ikkje på ein eller nokre få serverar. Brokkar av fila vil bli henta frå ulike maskiner, og sett saman til den opphavlege fila av bittorrentprogramvaren. Om ei av kildemaskinene blir slått av undervegs spelar ikkje noka rolle. Nedlasting av store filer med bittorrent vil kunne gå mykje raskare enn dersom dei skal hentast frå ein sentral server. Når du har lasta ned fila til di maskin, kan du hjelpe andre ved å la bittorrentprogrammet ditt stå og gå, og la det dele ut di fil.

Programvare

Dersom du ikkje har programvare for bittorrent på maskina di må du skaffe deg slik. For Windows er Bitcomet eit gratis alternativ: www.bitcomet.com

Opensource-programmet Deluge er eit anna alternativ: http://deluge-torrent.org . Dette fungerer under Linux også.

 

Starte nedlasting av «Crash Course»:  

Lim inn og gå til denne adressa i nettlesaren din:

http://www.mininova.org/tor/2062081

Klikk på «Download», og når du blir spurt om kva program som skal nyttast vel du den klienten du har installert. Nedlasting via bittorent vil no starte. Fila er på 3,1 GB, så du må rekne med at dette kan ta oppimot eit døger på vanleg breibandstilknyting. (Du må med andre ord IKKJE prøve deg på bittorent over ei oppringt linje! ) Den fila du får når bittorrent er ferdig med nedlastinga er ei ISO-fil. Alle vanlege brenneprogram vil kunne lage ein spelbar DVD frå denne fila.

     
 


To get the BRENT oil price, please enable Javascript.

Lett råolje, Brent.


Vår (enn så lenge.. ) parkerte blog, som likevel kan vere av historisk interesse:

"Kveldssong for hydrokarbonar"

Rune Likvern med ny blog om energi, økonomi og alt i mellom:

"FRACTIONAL FLOW"

 

 



"Dei neste 20 åra vil bli heilt ulike dei 20 siste"
Dette er konklusjonen til Chris Martenson i ein serie på 20 foredrag om vekst og økonomi, energi og miljø.
Det er ikkje lenger spørsmål om kanskje eller når, vi står no midt oppe i det som vil bli eit knekkpunkt i menneska si historie.
Foredraga kan du sjå på nett eller DVD Les meir..


"Money as Debt" er noko så uvanleg som ein teiknefilm om monetær teori. Dette er grunnleggande kunnskap for dei som vil prøve å forstå finanskrisa.Les meir her


Om korleis Cuba klarte seg etter at Sovjetunionen kollapsa og energitilførsla vart drastisk redusert. Norske tekstar. Les meir her


"Den største veikskapen til menneska er deira manglande evne til å forstå eksponential- funksjonen". . Ikkje mindre enn ein pedagogisk kraftpresentasjon om møtet mellom eksponentiell vekst og dei fysiske realitetane. Les meir her.



DVD av den norske filmskaparen Amund Prestegård. Presentert av Colin Campbell.
Les meir her


Framifrå DVD om oljeuttøminga, verda og USA. Kjøp han her og du får med ein versjon med norske tekstar.
Les meir her

 

 


   

Ansvarleg redaktør: Olav Hauso | Design by:Skjelvik Design