12.januar 2009
Garambo:
"Peak Money" og kollaps...
Les meir her
5.september 2007
John Busby:
Atomenergi: Mye fra lite?
Les meir her
8.juni 2007
Ny framsidetekst
22.januar 2007
Chris Skrebowski:
Ope brev til Peter Jackson i CERA.
Les meir her
Dokumentar
produsert av Tropos Dokumentar, Oslo. Produsent/regissør/fotograf
er Amund Prestegård.
Format: DVD
Ekstra plate med norsk tekst
Lengd : 28 minutt
Pris : 140,- kroner
Kort om filmen:
Gjennomgangsfigur
er Colin Campbell. Han tek oss mellom anna med
til Stavanger, der han forklarer dei ulike fasane i oljeutvinninga
i eit felt: Funn, aukande og deretter minkande produksjon. Han
viser at dette er eit mønster som vil gjenspegle seg i
den globale oljeproduksjonen, og det om ikkje lenge..
Richard
Webb er
finansiell risikoanalytikar. Han ser klare teikn på at
ojemarknaden nærmar seg eit ytterpunkt, der "småhendingar" får
eit uforholdsmessig stort utslag i oljeprisen.Han understrekar
at dramatikken ikkje i første omgang er knytt til når
vi går tomme for olje, men den dagen der er mindre i
morgon enn i dag..
Olve
Torvanger er
petroleumsgeolog. Han konstaterer at trass i meir sofistikert
leiteutstyr, finn ein stadig mindre.
Matthew
Simmons uttrykkjer
uro for at vi kan gå øydeleggande tider i møte
dersom vi ikkje snarast tek energiutfordringane på alvor.
Aage
Figenschou er
norsk styremedlem i Simmons & Co.Han forklarer at "Peak
Oil" ikkje tyder kø ved bensinpumpene neste dag.
Men det vil innebere eit konstant press mot aukande prisar.
Chris
Skrebowski spår
mykje sterkare innvolvering av offentlege styresmakter. Kanskje
direkte rasjonering..
I
det heile er filmen ei kortfatta og konsis innføring
i "Peak Oil". Høgst sjåverdig!
"Dei neste 20 åra vil bli heilt
ulike dei 20 siste"
Dette er konklusjonen til Chris Martenson i ein serie på 20 foredrag om
vekst og økonomi, energi og miljø.
Det er ikkje lenger spørsmål om kanskje eller når, vi står
no midt oppe i det som vil bli eit knekkpunkt i menneska si historie.
Foredraga kan du sjå på nett eller DVD Les meir..
"Money as Debt" er noko så uvanleg som ein teiknefilm om monetær
teori. Dette er grunnleggande kunnskap for dei som vil prøve å forstå finanskrisa.Les
meir her
Om korleis Cuba klarte seg etter at Sovjetunionen kollapsa
og energitilførsla vart drastisk redusert. Norske
tekstar. Les
meir her
"Den største veikskapen til menneska er deira
manglande evne til å forstå eksponential- funksjonen".
. Ikkje mindre enn ein pedagogisk kraftpresentasjon om
møtet mellom eksponentiell vekst og dei fysiske realitetane. Les
meir her.
DVD av den norske filmskaparen Amund Prestegård.
Presentert av Colin Campbell. Les meir her
Framifrå DVD om oljeuttøminga, verda og USA.
Kjøp han her og du får med ein versjon med norske
tekstar. Les meir her