12.januar 2009
Garambo:
"Peak Money" og kollaps...
Les meir her
5.september 2007
John Busby:
Atomenergi: Mye fra lite?
Les meir her
8.juni 2007
Ny framsidetekst
22.januar 2007
Chris Skrebowski:
Ope brev til Peter Jackson i CERA.
Les meir her
The Essential Exponential
Arithmetic, Population and Energy.
Eit foredrag om konsekvensane av eksponentiell vekst.
Ved Professor Emeritus i fysikk ved universitetet i Boulder, Colorado,
Albert A. Bartlett
1 time og 14 min, fordelt på to avsnitt.
Ein aldrande fysikkprofessor, eit kateter
og nokre plansjar. Ingen fakter eller effektar, ingen eksplosjonar,
ingen fysiske fenomen på grensa til det paranormale.
Ikkje det du ser for deg som underhaldning kanskje.
Men gløym alle forestillingane du har frå fysikktimane
du har lidd deg gjennom. Dette er ein pedagogisk "tour de force",
ein pedagogisk kraftprestasjon som vi vil tru dei færraste
har opplevd nokon gong.
Bartlett viser med ei mengde konkrete eksempel
dei lause påstandane, ønskjetenkinga
og den direkte svindelen som kjenneteiknar utsegnene til tilhengarane
av økonomisk vekst, og all annan vekst som er ein nødvendig
konsekvens av denne.
Gjennom bruk av enkel aritmetikk viser han kor meiningslaus påstanden
om "berekraftig vekst" er. Vekst er, pr. definisjon ikkje berekraftig. På eit
eller anna punkt vil veksten stoppe. Når dette skjer, fordi
vi har passert ei rad fysiske grenser, vil også valfridomen
vår vere borte.
Bartlett opnar forelesinga med eit postulat: "The
Greatest Shortcoming of the Human Race is our Inability to Understand
the Exponential Function." Gjennom forelesinga søker
Bartlett å vise
at dette er sant. Men sjølv om dette er grunntemaet, kjem
han inn på så mange av problemstillingane menneska er
i ferd med å bli stilte overfor i den næraste framtida,
at berre det er ei lita skattekiste. Kor lenge vil vi for eksempel
kunne skaffe oss energi frå dei uendeleg store kolreservane. 600 år?
Bartlett gir den rystande aritmetiske sanninga.
Bartlett poengterer at det han kjem med ikkje
er synspunkt, men fakta baserte på enkle etterprøvbare
reknestykke.
Vi skal ikkje kome med fleire eksempel, la
heller Bartlett ta deg med på denne turen!
Dersom du er pedagog sjølv bør du i alle fall koste
på deg å sjå denne filmen. Korleis er det mogleg å snakke
om eksponentiell vekst i ein time uten at publikum rekk å koste
på seg eit einaste gjesp?
Svaret er like enkelt som det er vanskeleg: Bartlett får deg til å forstå at
dette angår deg, dette er heilt grunnleggande for å forstå framtida
vår. Og sjølv om ingen kan spå om framtida, er det
likevel mogleg å rekne seg til konsekvensane av mange av dei valga vi
gjer i dag. Desse konsekvensane vil kome til å danne rammevilkåra
for korleis livet blir i framtida. Ved å knyte aritmetikken til eksempel frå den verkelege
verda, løftar han aritmetikken frå (tilsynelatande) meiningslause
abstraksjonar til noko som verkeleg angår oss.
Filmen er teksta på norsk av energikrise.no
Vi distribuerar filmen til kostpris, Kr
60,- inkl. porto.
Kjøp filmen, kopier og sprei han til
alle du trur vil ha interesse av han.
"Dei neste 20 åra vil bli heilt
ulike dei 20 siste"
Dette er konklusjonen til Chris Martenson i ein serie på 20 foredrag om
vekst og økonomi, energi og miljø.
Det er ikkje lenger spørsmål om kanskje eller når, vi står
no midt oppe i det som vil bli eit knekkpunkt i menneska si historie.
Foredraga kan du sjå på nett eller DVD Les meir..
"Money as Debt" er noko så uvanleg som ein teiknefilm om monetær
teori. Dette er grunnleggande kunnskap for dei som vil prøve å forstå finanskrisa.Les
meir her
Om korleis Cuba klarte seg etter at Sovjetunionen kollapsa
og energitilførsla vart drastisk redusert. Norske
tekstar. Les
meir her
"Den største veikskapen til menneska er deira
manglande evne til å forstå eksponential- funksjonen".
. Ikkje mindre enn ein pedagogisk kraftpresentasjon om
møtet mellom eksponentiell vekst og dei fysiske realitetane. Les
meir her.
DVD av den norske filmskaparen Amund Prestegård.
Presentert av Colin Campbell. Les meir her
Framifrå DVD om oljeuttøminga, verda og USA.
Kjøp han her og du får med ein versjon med norske
tekstar. Les meir her