12.januar 2009
Garambo:
"Peak Money" og kollaps...
Les meir her

5.september 2007
John Busby:
Atomenergi: Mye fra lite?
Les meir her

8.juni 2007
Ny framsidetekst

22.januar 2007
Chris Skrebowski:
Ope brev til Peter Jackson i CERA.
Les meir her

 

     


Eit tilsvar til ein "optimist"

Publisert 22.januar 2007

At utvinninga av olje skal nå ein topp i det vi kan kalle nær framtid, altså i løpet av det komande tiåret, er eit syn som ikkje blir ønskt velkome av dei som ser det som viktig å halde den rådande økonomiske orden gåande. Berre kunnskapen om fenomenet Peak Oil trugar paradigmet om at økonomisk vekst skal halde fram så langt vi kan sjå. Dersom kjennskap til Peak Oil skulle bli ålment utbreidd, og få folk til å redusere investeringar og forbruk for ikkje å bli tekne av det økonomiske dragsuget Peak Oil vil kunne representere, vil dette i seg sjølv kunne truge den økonomiske veksten og stabiliteten. Det er difor ikkje overraskande at det blir gjort iherdige forsøk på å diskreditere teorien omkring Peak Oil, og miljøet og dei personane som er talsmenn for Peak Oil. Dette går heilt attende til den mottakinga M. King Hubbert sitt foredrag fekk då han første gong offentleggjorde teorien sin.
Ein av dei kraftigaste opponentane har vore konsulentfirmaet IHS Energy med underavdelinga CERA, Cambridge Energy Research Consultants. Ein av leiarane her er oljeanalytikaren Daniel Yergin, forfattar av boka "The Prize", "Premien" som vann Pulitzerprisen i 1992. Undertittelen på boka er "Den episke jakta på olje, pengar og makt". Men den same Yergin som i denne boka gir ei kunnskapsrik oversikt om oljen si rolle i det globale maktspelet, har seinare blitt ein av dei kvassaste motstanderane av Peak Oil. I ein nyleg publisert artikkel går Peter Jackson, som arbeider for CERA, til åtak på Peak Oil teorien. Som så ofte når Peak Oil bli debattert, vil opponentane trekke fram dei enorme reservane av ulike typar olje som enno i lang tid vil forsyne oss med den mengda olje økonomien vår vil etterspørje. I dette svaret går Chris Skrebowski, redaktør i "Petroleum Review", gjennom argumenta til CERA.
Kjerna i feilslutninga til CERA er sjølvsagt at det ikkje hjelper med reservar dersom desse ikkje kan omsetjast til utvinning i ein skala og innanfor ei tidsramme som vil utsetje Peak Oil. Originalartikkelen finn du her

 

 

Ope brev til Peter Jackson i CERA

av Chris Skrebowski


Kjære Peter Jackson,

Eg vart både overraska og trist då eg las CERA sitt merkelege åtak på konseptet Peak Oil, og det implisitte åtaket på Peak Oil-miljøet i denne pressemeldinga ( recent press release ), og i rapporten 'Why the "Peak Oil" Theory Falls Down - Myths, Legends, and the Future of Oil Resources. "

Eg vart overraska fordi desse vart offentleggjorde omtrent samstundes med at IEA sin seinaste World Market Report viste at oljeutvinninga i landa utanfor OPEC vil nå ein topp omkring midten av det neste tiåret. Og eg blei trist fordi eg trudde vi var komne forbi stadiet med utskjelling som har prega debatten tidlegare.

I det fjerde avsnittet i rapporten din skriv du:

"Dette er ein svært viktig debatt som fortener ei rasjonell og balansert handsaming. Vi respekterer alvoret og kjensla av at dette er ei hastesak som nokre av dei vi er usamde med legg fram saka med. Av og til blir debatten imidlertid nokså polemisk. Vi skulle ønske at tilnærminga kunne skje på ein meir ettertenksam og rasjonell måte, på bakgrunn av at dette er eit felt der kunnskapen framleis er i vekst. Ein debatt basert på dialog og fakta ville vere meir konstruktiv og meir teneleg for å kaste lys over alvoret i diskusjonen."

Nettopp. Så kvifor kome ut med ei så polemisk pressemelding? Kvifor blande saman oljereservar og oljestraum som om desse to er same sak? Kvifor liste opp ressursar som er langt frå å kunne settast i produksjon som om det var ein krane som kan opnast i morgon tidleg? Når tida det tar å kommersialisere ein førekomst ikkje blir teken med, gjer rapporten lite anna enn å seie at sidan det er så og så store reservar rundt omkring så må alt vere i orden. Om livet berre var så enkelt.

Eg kjenner ikkje til om denne rapporten er laga på CERA sitt initiativ, om han var ein bestilt rapport, eller om CERA er under noko slags press. Men eg veit at oljeanalytikarar har det til felles med supermodellar at du ikkje får dei ut av senga før du lokkar med ein feit bunke dollar. Kven som har betalt for denne rapporten er viktig dersom han skal takast som noko anna enn eit partsinnlegg for særinteresser.

Ettersom CERA har valt å bruke sine ressursar for å oppnå maksimal anti- Peak Oil -effekt har eg ingen skruplar med å spreie dette opne brevet så vidt som råd.

I rapporten og pressemeldinga meir enn antyder du at Peak Oil miljøet er uansvarleg når det prøver å skape merksemd omkring dei utfordringane Peak Oil vil by på. Ei bekymringslaus haldning kan vere greitt på mange område i livet. Eg har imidlertid vanskeleg for å sjå at framtida til den globale olje- og energisituasjonen er eit slikt område. Ordtaket om å håpe på det beste, men bu seg på det verste, er ei haldning dei fleste ville sjå som ei meir passande tilnærming.

Det er ikkje ein gong sikkert at CERA trur på sin eigen rapport. Det er pussig at CERA no fremjer ein ny rapport: 'Dawn of a New Age' "Global Energy Scenarios for Strategic Decision Making-The Energy Future to 2030". I første avsnittet ser vi at dette er ein multiklientstudie, og så slike perler som dette:

".. som reflekterer den auka uroa omkring framtida til energiforsyninga. Denne uroa gjeld ikkje berre olje, men alle aspekta i verdikjeda til energiforsyninga. Det står mykje på spel for alle deltakarane i den globale økonomien, spesielt for toppleiarar og politikarar."

La meg sjå om eg har forstått dette rett.

I angrepet på bekymringane til Peak Oil-aktivistane hevdar du at det ikkje eksisterar eit oljeforsyningsproblem, og at vi er uansvarlege alarmistar.

Men for toppleiarar og politikarar har de likevel gjennomført den grundigaste forskingsprosjektet i CERA si historie.


Då blir det vanskeleg å tru at konklusjonen i denne rapporten skal vere at det ikkje er noko i denne verda å bekymre seg for?

Kan det vere at den verkelege grunnen til motstanden mot at Peak Oil blir kjent for folk flest er at toppleiarar og politikarar er i ferd med å miste kontrollen over dette som skulle vere ein løyndom?

 

Globale ressursar, konvensjonelle og ukonvensjonelle.
CERA prognoser
(milliardar fat)

 

Produksjon til no

OPEC
Midt-
Austen

Andre konven- sjonelle

Djup-vatn

Arktisk

Avansert utvinning

Tung-olje

Olje- skifer

Fram-tidigefunn

Totalt

Rest of
world


813


662


378


50


110


510


277


200


660


3,660


U.S.A.


234


-


19


8


5


76


-


500


83


925


Canada


31


-


7


3


3


6


167


4


15


236


Totalt


1,078


662


404


61


118


592


444


704


758


4,821

Kjelde: United States Geological Service, World Petroleum Assessment 2000,
Cambridge Energy Research Associates, National Energy Board Canada.

 

Kjerna i påstanden din om at Peak Oil miljøet er alarmistar er basert på den ovanståande tabellen din. Denne viser at den samla mengda olje av ulike slag i verda er 4821 Gb. ( Gb = milliardar fat ) Av dette er 1078 utvunne til no, og 4821-1078 = 3743 Gb står altså att å utvinne.
Eg er redd denne tabellen berre kan sjåast som ei tilfeldig samling av det kjente, det ukjente, det mogelege og det reint usannsynlege. Det ser ut som ei samanlikning av eple og pærer, med eit par sitronar slengt innimellom.

Venstre del av tabellen er tilsynelatande ukontroversiell, medan den høgre halvdelen, sjølv om den skulle vere mogleg reint teknisk, berre er interessant dersom dette er ressursar som kan bli funne, utvikla og brakt til marknaden innanfor ei rimeleg tidsramme.

Dette er essensen i heile denne debatten: Kan ressursar som ikkje er påviste enno bli utvikla raskt nok til å motverke fallet i utvinninga frå dei ressursane som allereie er kjende? Dersom ikkje, viser dette berre at oljeindustrien vil vere tilstades også langt inn i framtida. Men denne industrien vil ikkje bli i stand til å sikre ny utvinning som er naudsynt for å dekke fallet som vil kome i utvinninga frå eksisterande felt i åra som kjem.

Eg veit ikkje om du innser at du tek opp at ei gammal historie når du går til åtak på Hubbert sin relevans med argumentasjon omkring den moglege storleiken på dei samla ressursane. Lat meg forklare.

I den elles framifrå boka "The Prize" skriven av sjefen din, Daniel Yergin, er det ingen referansar korkje til Marion King Hubbert, Vincent McElvey eller Hr. Zapp. Dette kan vere noko av grunnen til at for få kjenner den følgjande historia:

I si vidkjende førelesing frå 1956 påviste Hubbert, utan andre hjelpemiddel enn intellektet sitt, ein blyant og litt millimeterpapir, at det gjeldande synet på framtida til amerikansk oljeutvinning var heilt feil, og at USA ville nå ein topp omkring året 1970. I staden for å ta imot denne analysen som eit viktig innspel i debatten, blei Hubbert støytt ut i kulden. Mange deltakarar i den noverande debatten omkring Peak Oil vil ha opplevd å bli behandla på same måten.

Vincent McElvey var sjef for US Geological Service (USGS) på denne tida. Han ser ut til å ha hatt eit svært politisk syn på rolla si, og såg det som naudsynt å ha eit rosenraudt syn på framtida til amerikansk oljeproduksjon. Høyrest dette kjent ut? Derfor pressa han Hr. Zapp, som hadde ansvaret for å gi ut USGS sine estimat over reservane, til å offentleggjere endå høgre tal for desse. Dette enda i noko nær ei farse i det overslaget over dei samla amerikanske reservane stod på 590 Gb ( meir enn heile Midt Austen ) like før utvinninga nådde toppen i USA, for deretter å falle heile tida sidan.

McElvey vart diskreditert og fekk sparken. Etter dette gjekk USGS bort frå å operere med eit enkelt tal for reservane og over til ulike tal for påviste, trulege og moglege reservar.
Det er grunn til å merke seg at denne hendinga ikkje fullt ut løyste problema med politisk påverknad på reserveoverslaga.

I dag offentleggjer USGS reserveoverslaga som P95, P50 og P5. Desse tala referer til kor truleg det er at overslaget skal treffe, P95 = 95%, P50 = 50% og P 5 = 5%. Eg referer gjerne til desse tala som høvesvis "kva som er nokså sikkert", "kvalifisert gjeting" og "tala vi gir politikarane".

Området kring det Kaspiske havet viser risikoen med å gi eit "politisk" reserveoverslag. I si siste studie gir USGS opp P95 = 20 Gb, P50 = 60 Gb og P5 som overveldande 200 Gb.
Det allmenne synet på oljeprovinsen kring det Kaspiske havet er i dag at området er eit vonbrot. Alle indikasjonar viser at P50 talet på 60 Gb stemmer brukbart. Problemet er at det talet politikarane skulle basere avgjerdene sine på, P5, var heilt feil. Det er rimeleg å seie at når det er 5% sjanse for at noko skal vere tilfelle så er sjansen, vel, liten.

Det ser ut som at den høgre delen av tabellen viser reserver som truleg er til stades, men som berre over lang tid kan omsetjast til faktisk produksjon.

Talet for Arktiske reservar på 118 Gb er temmeleg tvilsamt. Utanom dei kjende reservane i Alaska og nordlege Sibir, 20-30 Gb, er talet 118 Gb rein gjeting. USGS har 47 Gb for Aust-Grønland. Med Aust-Grønland er isfjellområde. Kostnadane ved prøveutvinninga på Vest Grønland, der isfjell ikkje er eit like stort problem, viser at kostnadane på Aust Grønland vil bli enorme.

USGS sine spådomar for oljefunn sett opp mot dei faktiske funna viser eit stort sprik. IHS Energy har vist at av USGS sine forventa funn frå 1995 til 2025 så har berre 17,5% materialisert seg i dei 10 åra fram til 2005. 17,5% av forventa funn på 33% av tida er mindre enn halvparten av det USGS har spådd. Og om ikkje dette var skuffande nok, så viser ein ny rapport frå Wood Mackenzie og Fugro Robertson at Arktis er ein gassprovins der minst 80% av hydrokarbona er gass. Og det har ikkje vorte gjort store funn i Arktis det siste tiåret. Er det då grunn til å vente seg meir enn minimal utvinning av energi i væskeform så langt fram vi kan sjå?

Avanserte oljeutvinningsteknikkar ( Enhanced oil recovery ) er eit reelt fenomen. Problemet er knytt til kva grad det skjer. IHS sin presentasjon viser at utvinningsgraden aukar med om lag 0,5% i året. Andre estimat viser lågare tal. Dersom vi held oss til IHS, vil ein auke i den globale utvinningsgraden på 0,5% gi ein årleg auke på 6,26 Gb. ( 0,5% av estimerte reservar på 1251 Gb ). Det vil dermed ta om lag 95 år før dei 592 Gb du ser for deg vil ha materialisert seg.

Overslaget ditt over tungolje på 444 Gb er høgt, men ikkje urimeleg. Utfordringa er nok ein gong å mobilisere ei utvinning på eit høgt nok nivå. Til denne tid har utvinninga frå oljesanden i Canada så vidt nådd over 1 million fat om dagen, og tungoljen i Orinoco ( Venezuela ) er oppe i 600 000 fat/dag.
Utvinning av desse oljetypane står overfor store utfordringar knytt til naudsynt forsyning av naturgass, tilgang på vatn, og utslepp av CO2. Eksisterande planar vil føre til ein vekst på 2-2,5 mill. fat/dag frå oljesanden i Canada, altså ein vekst på 200-250 000 fat/dag kvart år fram til 2015. Men i 2015 vil alle dei mest tilgjengelege førekomstane vere i produksjon, og ein må ty til magrare område.
Så langt eg er kjend med har president Chavez enno ikkje godkjent auka utvinning i Orinoco. Det er lite sannsynleg at produksjonen i Venezuela når så høgt som 1,5 mill. fat/dag innan år 2015.

Dersom produksjonsnivået frå Canada og Venezuela kan haldast oppe på 2015-nivå vil dei 444 Gb vare i 300 år. Men på den andre sida vil dei aldri bli eit bidrag på meir enn 5% av det den globale oljeproduksjonen er i år.


Overslaga dine for reservane av oljeskifer er utan tvil heilt nøyaktige. Men representerer dei noko meir enn eit håp? Det finst pr. i dag ikkje nokon gangbar metode for å ekstrahere olje frå oljeskifer. Det blei brukt hundrevis av millionar dollar på 1970-talet for å knekke det eg kallar oljeskiferparadokset: Å omdanne umoden kerogen i skiferen til olje som kan brukast. For å oppnå dette må skiferen varmast opp. Når skiferen blir varma opp utvidar han seg, og blir ein effektiv varmeisolator, slik at vidare oppvarming blir vanskeleg.

På 1970-talet blei det også vist at alle forsøka på å drive gruvedrift, male opp skiferen og ekstrahere oljen gav lite, om i det heile noko energimessig gevinst.
Shell har i dag ein in-situ prosess på pilotstadiet. Men det er i ekstrem grad å ta ting på forskot å sjå på oljeskifer som noko anna enn ein geologisk kuriositet, før ein økonomisk robust prosess er etablert.

Du går ut ifrå framtidige 758 Gb med framtidige oljefunn. Det er eit svært stort tal. I følgje IHS Energy så har gjennomsnittet av nye funn for dei siste 10 åra vore litt over 11 Gb/år. Med denne raten på nye funn vil det ta 66 år før det potensialet du nemner har materialisert seg.

Sjølv om du ser på Peak Oil-miljøet som altfor pessimistisk, vil eg be deg om å vurdere følgjande: Dersom vi tar utgangspunkt i dei enklaste tala for påviste og sannsynlege reservar frå IHS Energy, som viser at innan utgangen av 2005 så har 1077 Gb blitt utvunne og 1251 Gb står att, gir dette samla reservar på 2328 Gb. Dersom Peak Oil intreff når 50% av førekomstane har blitt utvunne, kor lenge vil det ta før vi når1164 Gb?
Vi tek igjen utgangspunkt i at vi finn 11 Gb/år, og utvinn 29Gb/år, slik at den samla netto utvinninga er 18 Gb/år. Dette enkle reknestykket viser at vi vil nå Peak Oil om litt mindre enn 5 år, i 2012. ( 1164-1077 delt på 18 ) Aukande etterspurnad vil korte denne tida. Dersom vi meinar å kunne utsetje Peak Oil til 55% av oljen er utvunnen vil vi nå toppen i 2018.

Dersom det er tilfelle, slik mange trur, at førekomstane i Midt Austen er overdrivne, såkalla "papirfat", så vil Peak Oil skje 5 år tidlegare for kvar 100 Gb desse reservane har blitt overdrivne. ( 100 delt på 18 )

Det finst imidlertid ein endå meir rett fram analyse. Det kan visast at 20% av dei globale reservane var oppbrukte i 1985, 30% i 1995, medan dette talet hadde stige til 46,3% i 2005. (1077 delt på 2328 ). Dersom vi framskriv dette til 50% får vi Peak Oil i 2010, dersom toppen blir nådd på 55% får vi Peak Oil i 2014.

Som du er kjent med trur eg personleg at ei analyse basert på oljestraumen frå nye prosjekt gir det mest nøyaktige resultatet. Når eg ser på alle data i mi MegaProjects-analyse finn eg at vi vil nå Peak Oil i 2011 pluss/minus eit år .

Uansett kva slag tilnærming ein nyttar, så finn ein at alle dei ressursane du og CERA påviser på høgre sida av tabellen ikkje vil kunne bli mobiliserte i tide til å kunne utsetje Peak Oil med meir enn eit år eller to.

Min konklusjon blir derfor at i staden for å avkrefte bekymringar omkring Peak Oil så har du vore med på å stadfeste at Peak Oil er ei nær føreståande hending.

Eg håpar verkeleg at du og CERA vil vere med på å debattere desse punkta med Peak Oil -miljøet.

Eg ser fram til dine kommentarar.

Beste helsing
Chris Skrebowski

Omsett av energikrise.no

     
 



Lett råolje, BRENT


Følg med kva som skjer på energifronten i bloggen:

"Kveldssong for hydrokarbonar"

-Den beste referansedatabasen om energispørsmål på norsk

 

 



"Dei neste 20 åra vil bli heilt ulike dei 20 siste"
Dette er konklusjonen til Chris Martenson i ein serie på 20 foredrag om vekst og økonomi, energi og miljø.
Det er ikkje lenger spørsmål om kanskje eller når, vi står no midt oppe i det som vil bli eit knekkpunkt i menneska si historie.
Foredraga kan du sjå på nett eller DVD Les meir..


"Money as Debt" er noko så uvanleg som ein teiknefilm om monetær teori. Dette er grunnleggande kunnskap for dei som vil prøve å forstå finanskrisa.Les meir her


Om korleis Cuba klarte seg etter at Sovjetunionen kollapsa og energitilførsla vart drastisk redusert. Norske tekstar. Les meir her


"Den største veikskapen til menneska er deira manglande evne til å forstå eksponential- funksjonen". . Ikkje mindre enn ein pedagogisk kraftpresentasjon om møtet mellom eksponentiell vekst og dei fysiske realitetane. Les meir her.



DVD av den norske filmskaparen Amund Prestegård. Presentert av Colin Campbell.
Les meir her


Framifrå DVD om oljeuttøminga, verda og USA. Kjøp han her og du får med ein versjon med norske tekstar.
Les meir her

 

 


   

Ansvarleg redaktør: Olav Hauso | Design by:Skjelvik Design